Vea Bedehusforsamling Navigation
  • Hjem
  • Om
  • Kalender
  • Engasjer deg
    • Bli medlem
    • Bli giver
    • Bli involvert
  • Forbønn
  • VBF Ung
    • 8. klasse
    • 9. klasse – Konfirmant
  • Ressurser
    • Samtaleguider Arkiv
  • Mitt Vitnesbyrd
  • Search
  • Hjem
  • Om
  • Kalender
  • Engasjer deg
    • Bli medlem
    • Bli giver
    • Bli involvert
  • Forbønn
  • VBF Ung
    • 8. klasse
    • 9. klasse – Konfirmant
  • Ressurser
    • Samtaleguider Arkiv
  • Mitt Vitnesbyrd
  • Search

Sjå opp!

veabedehusforsamlingmars 23, 2020 Mitt Vitnesbyrd

I desse dagar er det mange som har heimekontor og sit bøyd over ein skjerm, og det enda meir enn  vanleg. Då kan det lett bli vond i nakke, rygg og «håveverk». Kva kan me gjere for å hjelpe kroppen i ein slik situasjonen? Ein kan jo prøve med paracet eller ibux for å sjå om det hjelp? Ein bedre medisin er å løfte hovudet, sjå opp og reise seg.

Fleire stader i Bibelen blir me oppfordra til å leggje av bekymringar og strev hos Gud. Han ønsker at me skal løfte blikket og sjå opp til Han.

«…lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss,  2 med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar». Hebr. 12.1-2

I Johannes 8 møter me ei nedbøyd kvinne omringa av sinte og fanatiske menn med stein i hendene. Eg ser henne føre meg der ho ligg med ansiktet ned i grusen, og med hendene over hovudet for å beskytte seg mot det som skal komme. Så blir det stille rundt henne og ho våger til slutt å løfte blikket. Då ser ho at det er berre ein mann står igjen. Han ser på henne med kjærlege auge og seier: «…heller ikkje eg fordømmer deg»

På ein fjelltopp i det same området ligg ein dag tre mannfolk med ansiktet mot jorda, like redde og like nedbøyde som kvinna. Då dei såg opp, såg dei inn i Jesu kjærlege auge.

«Men Jesus gjekk bort og rørte ved dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!»  8 Og då dei såg opp, såg dei ingen andre enn han, berre Jesus.» Matt 17,7-8

 

Svein Erik Lindeflaten

  • Hjem
  • Om
  • Kalender
  • Engasjer deg
  • Forbønn
  • VBF Ung
  • Ressurser
  • Mitt Vitnesbyrd